Publisert:

Fosslia

Detaljregulerinsplan for Fosslia bustad vart vedteken i Heradsstyret i Osterøy kommune den 20.02.2019.

Reguleringsplanen er utarbeidd av Ard arealplan på oppdrag fra Cruse AS.

Reguleringsplanen legg til rette for å utvikle eigedom gbnr. 137/200 med eit leilegheitsbygg over tre etasjar, og med ni bueiningar. Planområdet ligg i eit etablert bustadområde i tilknyting til eksisterande vegsystem og med busshaldeplass i nærleiken. Ulike handels- og servicetilbod finn ein i Valestrand sentrum om lag 300 meter unna. Området ligg vestvendt med gunstige solforhold og med utsikt ut i Valestrandsvågen.

Planlagt bygg er plassert ned i terrenget for å unngå å verte ruvande for bustadene i nærleiken. Avfallshandtering for planområdet løysast med ei framtidsretta nedgravd løysing. Ein ser for seg at denne løysinga, dersom ønskeleg, også kan nyttast av andre bustader i nærområdet.

Tilsvarande

Jubileum i Ard!

Gratulerer Sandra med ny milepæl! Ho er ein trygg og kunnskapsrik kollega, ein verdifull ressurs for både kundar og teamet…

Ny dagleg leiar

Ard Arealplan har fått ny dagleg leiar, og vi ønskjer Johannes Sverdrup velkomen! Etter ei periode med innføring i selskapet…

God sommar!

Ard på besøk i nye lokaler

Ard arealplan flyttar til innovasjonsdistriktet i Bergen

Frå mai 2026 flyttar Ard arealplan inn i nye lokale i innovasjonsdistriktet i Bergen. Det markerer ikkje berre ei ny…