Vesleheimen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal settast i gong detaljregulering for Vesleheimen, gnr. 137, bnr. 63 m. fl., Lindås kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Maja og Karina Isdal er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg sentralt ved Isdalbakkene sørvest for fylkesveg 565, i eit område som er uregulert og delvis utbygd. Planområdet er på 6,5 daa og er vist på vedlagt kart. Planområdet er satt av til bustad i gjeldande kommunedelplan for Alversund – Knarvik 2007 – 2019 i Lindås kommune. Planområdet grenser mot bustader i alle retningar.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for om lag 15 – 20 bustadeiningar.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknadar som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Lindås kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Lindås kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknadar er sett til 30.06.2013.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Lindås kommune for sakshandsaming. Etter første gangs sakshandsaming vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler