Tyssevikvegen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Tyssevikvegen, gnr. 53, bnr. 184, m. fl., Ulvik herad.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Ulvik herad er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg langs Tyssevikvegen frå Ulvik kyrkje i vest til avkjøring til Prestabrekka i nordaust. I nord og sør omfattar planavgrensinga eigendommar på begge sider av vegen. Planarbeidet vil føre til endringar i gjeldande reguleringsplanar i området.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for gang -og sykkelveg langs Tyssevikvegen.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Ulvik kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Ulvik kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 23.09.2013.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Ulvik kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler