Publisert:

Stølsmarka

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Stølsmarka, gnr. 137, bnr. 693, m.fl., i Lindås kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Nordhordland Bibelsenter er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Alverflaten i den nordlege delen av bustadområda. Området ligg om lag 4 km frå kommunesenteret Knarvik. Området inneheld i dag ein skule, ein barnehage, samt eit grøntområde med skog i sørlege del. Området er i kommunedelplanen Knarvik- Alversund 2007-2019 avsett til framtidig bustadområde, bygning med særskilt allmennyttig formål og næringsverksemd. Planområdet er også del av reguleringsplanane Alversund utmark gnr. 137 bnr. 13 (planid: 22011973) frå 1973 og Buheim gnr. 137 bnr. 284 (planid: 11061974) med reguleringsendring i 1987. Det er kommunedelplanen som er vedteke sist, og dermed er gjeldande plan.

Planarbeidet sitt formål:
Hensikta med planarbeidet er å legge til rette for ei utviding av skulen, samt å sikre grøntområdet.

Ein ynskjer å legge til rette for at skulen kan utvidast i den nordlege delen av planområdet, der det i dag er parkeringsplassar. Førebelse skisser tyder på at det nye skulebygget får parkeringsanlegg i første etasje, og gymsal i andre etasje. Dette kan endre seg i planprosessen, og endeleg avklaring av etasjetal og byggehegder vert vurdert i planarbeidet.

Skuleområdet har i dag relativ små uteområde, og lite grøntområde. Planarbeidet har til hensikt å regulere den sørlege delen til grøntområde som kan nyttast av både skulen, barnehagen og bebuarar i området. Dette grøntarealet er i dag avsett til bustadføremål, og har tidlegare vore regulert til barnehage. I planarbeidet ynskjer vi å sette området av til grøntformål, der deler vert opparbeidd som uteområde og leikeplassar, og deler vert heldt urørt med natur og skog. Vi ser for oss at området vil vere godt eigna for kombinert bruk for alle i området. Det er kommunen som er eigar av området.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Lindås kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Lindås kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 12. november 2016.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Lindås kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Tilsvarande

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense for Stølsmarka, gnr. 137, bnr. 693, mfl. i Alver kommune […]

Varselkart Molløesmauet

Molløesmauet

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Bergenhus, gnr. 166, Bnr. 734 m.fl. […]

Planavgrensing_varslingskart Mosebakken

Jacob Kjødes veg/Mosebakken

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, gnr. 41, Bnr. 137,345, 366 […]

Forslag utvidet varselkart RAN seglbåthamn

RAN seglbåthamn

VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR  REGULERINGSPLAN RAN SEGLBÅTHAMN I medhald av plan og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det med dette varsla om detaljregulering for […]


Publisert