Steingardsvegen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Steingardsvegen, gnr. 24, bnr. 16 m. fl. – Landro, i Fjell kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Eide Boligutvikling as er tiltakshavar.
Ard arealplan as i samarbeid med Arkitekt Rolv Eide as er konsulentar for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg langs Landrovegen like sør for Landro skule. Området grensar til bustader og til fylkesveg 211 Landrovegen. Planområdet er i arealdelen til kommuneplanen hovudsakleg avsett til bustadområde, der størstedelen av området er omfatta av omsynssone med føringar om at reguleringsplan framleis skal gjelde. I gjeldande reguleringsplan, Landro planid: 20060024, er planområdet avsett til bustad, samt at ein del også er uregulert. Det er i samråd med kommunen vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing. Planområdet er på ca. 13,2 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bustader. Ein ser for seg småhus i kjede eller mindre leilegheitsbygg (to-firemannsbustader).

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 30.05.2017.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut