Port Steingardseid

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14) vert det varsla om endring av reguleringsplan for reguleringsplanen Port Steingardseid, gnr. 61, bnr. 348 m.fl. og reguleringsplan for Kråko i Fitjar kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og skildringar som syner bruk, vern og utforming av areala. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Etter samråd med Fitjar kommune ynskjer ein at endringa av planen vert utført etter det lova omtalar som «ei mindre endring av reguleringsplan». Kommunen vil gjere ei ny vurdering av dette med utgangspunkt i mottekne merknadar.

Tiltakshavar og konsulent:
Port Steingard AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for arbeidet.

Planområdet:
Planområdet omfattar reguleringsplan for Port Steingardseid (planid: 201104), samt eit mindre areal i sjø mot vest. Dette arealet er omfatta av reguleringsplan for Kråko (planid: 200304).

Planen sitt føremål:
I vedteken reguleringsplan for Port Steingardseid er det regulert areal til småbåthamn. For å sikre hamna er det naudsynt å justere arealet i sjø. Ei mindre utviding av småbåthamna vil difor vere konsekvensen av endringa. Planen sine føresegner skal vidareførast slik dei er vedtekne.

Merknader til varsel om oppstart:
Me inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fitjar kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert oversendt Fitjar kommune saman med planforslaget.

Frist for merknader er sett til 25.01.2013.

VARSEL OM ENDRING AV REGULERINGSPLAN

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14) vert det varsla om endring av reguleringsplan for reguleringsplanen Port Steingardseid, gnr. 61, bnr. 348 m.fl. og reguleringsplan for Kråko i Fitjar kommune.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler