Nesfossen

Reguleringsplan med planprogram og konsekvensutgreiing for Nesfossen smolt, gnr. 56 bnr. 14 m.fl., Lindås kommune

Planen vert fremma som detaljregulering etter § 12-3 i pbl. Lindås kommune har stilt krav om planprogram i samsvar med § 4-1 i pbl: «For reguleringsplanar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeidast eit planprogram som grunnlag for planarbeidet.”

Planprogrammet vert utarbeidd på vegne av tiltakshavar Nesfossen smolt as. Planprogrammet kan sjåast i menyen til høgre.

Planprogrammet vert justert etter varsling i høve til aktuelle innspel i høyringsrunda. Planprogrammet vil bli lagt til grunn for vidare planarbeid med konsekvensutgreiing.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Nesfossen smolt as  er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Nesfossen ligg nordvest i Lindås kommunen i nærleiken av Hundvin mot Lurefjorden. Området som skal regulerast er på ca. 40 daa, like nordvest for eksisterande smoltanlegg til Nesfossen as. Planområdet er i kommuneplanen avsett til LNF og industriføremål. Eksisterande anlegg er ikkje regulert, men er i samsvar med overordna plan og difor tek ein dette arealet med inn i same reguleringsplan for at heile industriområdet skal vere regulert.

Planen sitt formål:
Planframlegget legg opp til utviding av eksisterande  industrianlegg, med sjøvatnbasert anlegg for smoltproduksjon med dei installasjonar som høyrer til eit slikt anlegg.

I dag består området av eit eksisterande smoltanlegg, samt nokre næringsbygg, kaianlegg og strandsone.

Sentrale problemstillingar i plan og utgreiingsarbeidet vil vere vidare utbygging av smoltanlegg med infrastruktur, sett i samband med landskap (nær – og fjernverknad), friluftsliv, biologisk mangfald, VA, ROS-analyse med særleg vekt på miljøomsyn ved avrenning og forureining, samt samfunnsmessige konsekvensar.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Lindås kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Lindås kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist
Frist for merknader er satt til 4. sep. 2015.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Lindås kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut