Publisert:

Frist satt til:

1. januar 1970

Langedalen – Haraldshaug

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Langedalen gnr. 8 bnr. 145, 146, 151, 213 m.fl. i Os kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Lyssand Eiendomsutvikling as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg øvst i Langedalen nær opp til kommunal veg, i eit område med etablerte einebustader og nokre nyare tomannsbustader. Sjå vedlagte varslingskart med oversiktskart. Området ligg om lag 2 km frå Søfteland skule og 1,3 km frå butikk og busstopp. Planområdet ligg avsett til bustadføremål i gjeldande kommuneplan. Det ligg ikkje føre nokon reguleringsplan for området eller av naboeigedomane i dag. Planarbeidet må mellom anna sjå på moglege avbøtande tiltak for den kommunale vegen når det gjeld tilhøva for mjuke trafikkantar og kva konsekvensar auka belastning på vegen vil kunne føre til.  Oppstart av planarbeid har vore handsama og er godkjent av Plan og bygningsutvalet i Os kommune i saksnr. 15/2839. Planområdet er på 43,3 daa.

Planlagde tiltak løyser ikkje ut krav om konsekvensutgreiing.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for bustader med parkering og leikeplass,  med tilhøyrande infrastruktur. Det vert truleg lagt opp til om lag åtte bustadeiningar i planforslaget fordelt som to – og firmannsbustader.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Os kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande følgjer planforslaget og vert sendt Os kommune for handsaming.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 19.03.2016.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Os kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tilsvarande kunngjeringar

Plangrense

Frist:

13. februar 2026

Varsel om utviding av planområde

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla utviding av planområde i samband med…

Varslingskart

Frist:

11. mars 2025

Detaljreguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl

I henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl., plan-ID er…

Plankart

Frist:

7. februar 2025

Endring etter forenkla prosess av detaljrereguleringsplan for spilde – gbnr. 141/57

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-14 tredje ledd, vert det varsla om endring etter forenkla prosess av…

Varselkart

Frist:

17. desember 2024

Detaljreguleringsplan for Helgeseter, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, Gnr. 7, Bnr. 6, Helgeseter,…