Heimtun – Straume

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8) vert det varsla oppstart av arbeid med detaljregulering for Heimtun – Straume, gnr. 35, bnr. 637, 534 m.fl, Fjell kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og skildringar som syner bruk, vern og utforming av areala. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Remi Angeltveit og Gro Mehlum m.fl. er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for planlegginga.

Planområdet:
Planområdet er del av gnr. 35, bnr. 637, 534 m.fl. i Fjell kommune. På arealet er det i dag to bustadar. I kartavgrensinga er omliggande vegar teke med for å sikre tilkomst og frisiktsoner ved kryss. Ved detaljering av tilkomstløysing kan planområdet verte redusert.
Området er gjeldande kommunedelplan og reguleringsplan avsett til framtidig bustad. Planområdet er om lag 8 daa stort.

Planen sitt føremål:
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for arealdisponeringa som er gjort i vedteken kommunedelplan og reguleringsplan. Dette vil seie at området vert detaljregulert for oppføring av bustadar.

Merknader til varsel om oppstart:
Me inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert oversendt Fjell kommune saman med planforslaget.
Frist for merknader er sett til 20.01.2013.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vert sjølve planforslaget utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter førstegongs sakshandsaming vert planen sendt på høyring og lagt ut på offentleg ettersyn. Det vil då verte høve til å koma med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler