Haghaugen felt B

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast oppstart av planarbeid for detaljregulering av Haghaugen felt B, gnr. 134, bnr. 466 m. fl., og planendring av Haghaugen plannr. 06012006, Lindås kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshaver og konsulent:
FM eigedom AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Hilland, vest for Hillandsvegen og sør for Gangstøvegen. Planområdet omfattar felt B, leikeplass og grøntområde i kring som er regulert i områdereguleringsplan for Haghaugen vedtatt 28.10.2010.

Planen sitt formål:
Området er i kommunedelplan for Alverstraumen sett av som fortettingsområde. I områdereguleringsplanen for Haghaugen er området i hovudsak regulert til bustader, leikeplass og friluftsformål. Planarbeidet har til hensikt å detaljregulere området for bustader. Planarbeidet vil òg sjå på ei justering av felt B, samt mogleg utviing av område til leik og uteopphald.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Lindås kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Lindås kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 15. mai 2013.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Lindås kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler