Publisert:

Frist er satt til:

1. januar 1970

Gåsakilen felt BKS1 og BKS2

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong planarbeid for Søfteland, Gåsakilen, felt BKS1 og BKS2, Gnr. 8, bnr. 584, 585 m.fl., i Os kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angjev bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Labrador Eiendom AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet i samarbeid med Hlm Arkitektur AS.

Planområdet:
Planområdet ligg like ved E39 Byvegen, i eit område mellom to etablerte bustadfelt. Området ligg med nærleik til busshaldeplass, om lag 1 km frå Søfteland skule og 1,4 km frå næraste daglegvarehandel.
Planområdet er avsett til bustadføremål i gjeldande kommuneplan. Det ligg føre ein områdeplan for området i dag. Planområdet er på 29,5 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å detaljregulere føresegnområde #1 i Gåsakilen områdeplan (PlanID: 20110200). Planavgrensinga er i hovudsak sett i tråd med føresegnområde #1 i områdeplanen. I tillegg har ein sett av areal mot E39 Byvegen samt areal i nord og vest for å ivareta omsyn til støy og grønnstruktur. Ein legg til rette for eit grendahus og om lag 89 bustadeiningar med tilhøyrande parkering og infrastruktur. Bustadene vert løyst som fleirmannsbustader og mindre leilegheitsbygg.
Det varslast samstundes om at byggesaka kan behandlast parallelt med reguleringa jfr. pbl. §§ 1-7 og 12-15. Planlagd tiltak gjev ikkje krav om konsekvensutgreiing.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Os kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande følgjer planforslaget og vert sendt Os kommune for handsaming.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 20.04.2018.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Os kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Varslingskart Austmarka Sør-Solstrand

Frist:

30. september 2022

Austmarka Sør-Solstrand

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]
Utvidet planavgrensning_Lygra

Frist:

7. oktober 2022

Utvidelse av Detaljregulering for Lygren Indre

BEGRENSET VARSLING Det vises til varsel om oppstart for reguleringsplanarbeid i januar 2022 for Lygren […]
Planavgrensing -Sande, Gulen

Frist:

31. desember 2022

Detaljreguleringsplan for Indrevika Feriesenter, Sande i Gulen

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast det om oppstart av detaljregulering […]
Planavgrensing_varslingskart Mosebakken

Frist:

13. mai 2022

Jacob Kjødes veg/Mosebakken

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles […]