Publisert:

Frist satt til:

1. januar 1970

Sveo

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vart det varsla i brev av 01.09.16 om at det skulle setjast i gong reguleringsendring for del av detaljplan for Osstølen (Sveo), gnr. 55, bnr. 1, 2, 10, 37 m.fl., i Os kommune. Planarbeidet har no vist at det er naudsynt å utvide plangrensa noko.Tiltakshavar og konsulent:
Clemens Tomteutvikling AS er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet, i samarbeid med arkitektkontoret LINK arkitektur.

Planområdet:
Planområdet ligg på Sveo, under to km nord for Os sentrum og i tilknyting til eit etablert bustadområde. Området grensar i vest og sør til novernade og framtidig bustad og infrastruktur, og i nord og aust til ubygde grøne områder, samt Oselva. Tilkomst vil bli frå vest, frå fv. 552 Byvegen. Området er regulert i detaljplan for Osstølen (sveo), gnr. 55, bnr. 1, 2, 10, 37 m.fl.

Ny plangrense tek med seg delområda f_ØK02, BB01, f_FRI01 og o_PP01-02.  Plangrensa følg gjeldande detaljregulering for Osstølen (Sveo), gnr. 55, bnr. 1, 2, 10, 37 m.fl. Området er på om lag 36 daa.

Planen sitt formål:
I brev av 01.09.2016 informerte ein om at hensikta med reguleringsendringa er å justera plasseringa av bustadformål, då dagens plassering av formåla er problematisk på grunn av dårlege grunnforhold. Ved undersøking av grunnen i området der kor delfelta som tiltakshavar rår over ligg, er det avdekt krevjande grunnforhold med fare for utgliding som følgje av kvikkleire. På grunn av grunnforholda er det hensiktsmessigt å flytta delfelt BB03 og BK01-04, med tilhøyrande parkering, infrastruktur og leike- og uteopphaldsareal lengre nord i området. Områda som vert gitt fri i sør vil ein regulera om til grøne områder og leikeareal. Ein vil opne opp for å auka mengde einingar innanfor bustadfelta BB03 og BK01-04, samstundes som ein vil halda seg innanfor den totale utnyttinga som er tillaten for desse felta i gjeldande plan. På denne måten kan einingane kunne få ein meir hensiktsmessig storleik.

Ein vil òg sjå om parkeringskrava kan endrast slik at dei stemmer overeins med gjeldande parkeringsnorm for Os.

Endringane må vurderast særskild i høve føreskrift om konsekvensutreiing for planar etter plan- og bygningsloven, då reguleringsendringa fell inn under § 2 d) i føreskrifta.

Planutvidinga sitt formål:
Planarbeidet har vist at det er naudsynt å utvida plangrensa då ein ser behov for å justere regulerte høgder og auke tal på einingar innanfor utnyttingsgraden til delfeltet BB01.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

Eller på e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Os kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Os kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 22.12.2016.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tilsvarande kunngjeringar

Varslingskart

Frist:

11. mars 2025

Detaljreguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl

I henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Timrehaugvegen,Gnr./Bnr. 64/906 m.fl., plan-ID er 4250…

Plankart

Frist:

7. februar 2025

Endring etter forenkla prosess av detaljrereguleringsplan for spilde – gbnr. 141/57

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-14 tredje ledd, vert det varsla om endring etter forenkla prosess av…

Varselkart

Frist:

17. desember 2024

Detaljreguleringsplan for Helgeseter, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, Gnr. 7, Bnr. 6, Helgeseter,…

Varselkart for Lønborg

Frist:

18. september 2024

Detaljregulering for Lønborg, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Bergenhus, Gnr. 168, Bnr. 1771, Lønborg, boliger,…