Publisert:

Stamnes sentrum

Ard arealplan leverte beste tilbod

Ard arealplan vann konkurransen om å utarbeide områdereguleringsplan for Stamnes sentrum. Saman med Vaksdal kommune vart arbeidet nyleg sett i gang. Planarbeidet vil skje i samarbeid med kommunen sin administrasjon, arbeidsgruppa for Stamnes sentrum, samt i dialog med naboar, grunneigarar og andre interessentar.

Planområdet omfattar strandområda, sjø og nedste delane av liene frå Skjeljaneset til Hyrna og er om lag 110 daa. Viktige tema i planarbeidet vil vere sentrumsfunksjonen til Stamnes, stadutvikling, vern knytt til veganlegg og tettstaden generelt, rasfare m.m. Oppstart av planarbeidet vart varsla av Vaksdal kommune i byrjinga av mars i år.

Kontakt oss gjerne for meir informasjon eller andre innspel som kan vere nyttige i planarbeidet.

Tilsvarande

God sommar!

Bilde av Liaparken, hus oppå hus

Liaparken i media

Då er vi tilbake på jobb! I løpet av sommaren har eit av Ard sine prosjekt vore i media. Liaparken…

Johannes og Øygarden kommune

Blir det byggjestans på Bjorøy i framtida?

Dette problemet har vi teke opp i Vestnytt 10. desember. For I Øygarden kommune ser vi at dei legg opp…

Vi har flyttet til Fenderen

Vi har flytta til Fenderen

Ard arealplan har flytta til Innovasjonsdistriktet i Bergen! Til eit miljø som gir oss nye lokale og sterke rammer for…