Publisert:

Illustrasjon Langheiane B8 og B9

Godkjente planar i Lindås kommune

Reguleringsplanane for Langheiane og Nesfossen vart godkjente i kommunestyret i Lindås 21. juni. Reguleringsplanen for Langheiane legg til rette for bustadutbygging på dei to bustadfelta kalla B8 og B9 i områdeplan for Knarvik Aust. Felt B8 er regulert for til saman 44 familiebustadar i form av lågblokker/rekkehus/leilegheiter. Parkering er i hovudsak tenkt skjult under eit dekke, som vil danna eit sentralt tun for bustadfeltet. Felt B9 er regulert for totalt 82 leilegheiter fordelt på fire blokker, med parkering i botn. Samla vil felta innehalde 126 bustadeiningar og 170 parkeringsplassar. Uteopphaldsareal ligg sentralt mellom dei to bustadfelta. Planføresegna opnar for at ein ved endeleg prosjektering kan etablere opp til 140 einingar totalt innanfor planområdet.

Reguleringsplanen for Nesfossen legg grunnlag for vidare utvikling og sikring av framtidig drift av Nesfossen Smolt AS med ei utviding mot nordvest for akvakulturanlegg på land. Planforslaget tek omsyn til landskapet så godt rå er og legg opp til omsynssoner for bevaring av naturmiljøet rundt heile akvakulturanlegget. Det er satt strenge føresegn om korleis desse omsynssonene skal fungere og korleis andre grøntareal skal revegeterast med stadeigen vegetasjon. Konsekvensutgreiinga viser at alternativ 3 er det bese av dei tre alternativa for utvidinga av akvakulturanlegget og planforlaget byggjer difor på dette alternativet i tillegg til å ta inn over seg dei fleste av dei anbefalte avbøtande tiltaka.

Tilsvarande

Vi har flyttet til Fenderen

Vi har flytta til Fenderen

Ard arealplan har flytta til Innovasjonsdistriktet i Bergen! Til eit miljø som gir oss nye lokale og sterke rammer for…

Ard på besøk i nye lokaler

Ard arealplan flyttar til innovasjonsdistriktet i Bergen

Frå mai 2026 flyttar Ard arealplan inn i nye lokale i innovasjonsdistriktet i Bergen. Det markerer ikkje berre ei ny…

Johannes og Øygarden kommune

Blir det byggjestans på Bjorøy i framtida?

Dette problemet har vi teke opp i Vestnytt 10. desember. For I Øygarden kommune ser vi at dei legg opp…

Sandra 15 år i Ard

Jubileum i Ard!

Gratulerer Sandra med ny milepæl! Ho er ein trygg og kunnskapsrik kollega, ein verdifull ressurs for både kundar og teamet…