Urhaug

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal settast i gong detaljregulering for Urhaug B24, gnr. 45, bnr. 371,423 m. fl., Radøy kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Rr Ulvatn Eiendom AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg sentralt på Urhaug sørvest for Manger sentrum, i eit område som er delvis utbygd. Planområdet er på 8,1 daa og er vist på vedlagt kart. Planområdet er satt av til bustad i gjeldande kommuneplan for Radøy kommune 2011-2023. Planområdet er flateregulert og omfatta av planen for Selfallet med plan id: 12602006000400. Planområdet grenser mot bustader i alle retningar.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for om lag 13 – 15 bustader.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknadar som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Radøy kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Radøy kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknadar er satt til 4. mai 2013.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Radøy kommune for sakshandsaming. Etter første gangs sakshandsaming blir planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler