I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal settast i gong detaljregulering for Industriområde Sponevika, gnr. 41 bnr.4, 15, m. fl. Solund kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Solund kommune er tiltakshavar i samarbeid med Wergeland Holding as.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg om lag 3,5 kilometer nordaust for kommunesenteret Hardbakke og har karakter av å vere næringsområde og utmark. Arealet ligg vendt mot Nessefjorden og er på ca. 244 daa. Dei geografiske avgrensingane til planarbeidet er synt på vedlagt kart. Planområdet er satt til framtidig erverv/næring i gjeldande kommuneplan for Solund kommune. Planområdet grensar mot LNF-område i nord og nordaust, i aust til anna næringsverksemd og LNF, Gulnakken med Nessefjorden i sør og LNF-område med spreidd bustadbygging i vest.
Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for deponi/miljøstasjon, regulere ein god og trafikksikker tilkomst til fylkesveg 606 frå verftsområde, etablere parkeringsplass for tilsette og besøkande, overnattingsstad, djupvasskai, flytedokk/logistikk på land, kai for opplag/ventekai, stad for anna næring og sikre at området kan byggast ut utan skjemmande fjernverknadar og terrenginngrep.
Utbyggingsavtale:
I samsvar med plan- og bygningslova § 17-4 vert det kunngjort oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale for Industriområde Sponevika. Partane i forhandlingane er Solund kommune og Wergeland Holding as. Forhandlingane skal gjennomførast med utgangspunkt i vedtak om bruk av utbyggingsavtaler i Solund kommune vedtatt av kommunestyret den 20.04.10 i § 1.2. Føremålet med avtalen vil vere å gjere området klart for utbygging i samsvar med planføresegner. Sentrale tema i forhandlingane vil vere regulering av ansvar for gjennomføring av etablering av naudsynte offentlege trafikkanlegg, næringsareal og anna infrastruktur.
Bygdemøte:
Etter at planen er utarbeidd vert det kalla inn til bygdemøte. Tid og stad vert informert om i eige brev.
Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknadar som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Solund kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Solund kommune saman med planforslaget.
Merknadsfrist:
Frist for merknadar er satt til 20.04.2013.
Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planforslaget verte utarbeidd, og sendt til Solund kommune for sakshandsaming. Etter første gongs sakshandsaming vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å kome med merknadar til planforslaget før vidare politisk handsaming.