Skogsskjenet

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast oppstart av områderegulering for Skogsskjenet, gnr. 50, bnr. 5 og 11 m. fl., Sund kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Sigrunn Ulveseth, Margunn Glistrup og Vacuri AS, i samarbeid med Sund kommune, er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg like nord for Sund sentrum, og grenser mot Storhaugen i aust, motorkrossbana i nord, og Fjell kommune i vest.
Plangrensa er sett i samarbeid med Sund kommune og er synt i vedlagt kart.

Planen sitt formål:
Området er i kommunedelplan for Skogsvåg regulert til område for tett bustadbygging.
Planarbeidet har som mål å regulere området til bustader med tilhøyrande anlegg og infrastruktur.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlige behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til: Ard arealplan as, Domkirkegaten 3, 5017 Bergen. e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Sund kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Sund kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 15. juli 2013.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Sund kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler