Haukeland søndre

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong områderegulering for Haukeland Søndre, gnr. 84, bnr. 4, m. fl., i Radøy kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Makani er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Haukeland Søndre langs Vetåsvegen i Radøy kommune, om lag 13 km sør for kommunesenteret Manger. Området grensar til naturområde og bustader i nord, sør, aust og vest. Området er i kommuneplanen 2011-2023  avsett til bustad med krav om felles planlegging. Planområdet er på ca. 89 daa. Plangrensa kan bli noko justert/trekt tilbake i etterkant når ein har fått gjennomført oppmåling av eigedomsgrenser.

Områdeplanen sitt føremål:
Planområdet er omfatta av omsynssone med krav om felles planlegging som vil seie at ein må sjå heile området samla under eitt. Det er imidlertid berre tiltakshavar som har ynskje om å regulere tomta si, så det er berre denne tomta som vil bli detaljregulert, sjå skravur i varslingskartet under. Resten av planområdet vil bli regulert i samsvar med kommuneplanen med krav om detaljregulering. Føremålet til tiltakshavar med å regulere tomta 84/4, er å leggje til rette for eine- og tomannsbustader.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Radøy kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt til Radøy kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 23.08.2016.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Radøy kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut