VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID
I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal settast i gong detaljregulering for Dudlatun, gnr. 21, bnr. 12 m. fl., Radøy kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Skjærgårdsfisk AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg sør på Syltneset og er eit tidlegare sildesalteri. Planområdet er på 21,5 daa og er vist på vedlagt kart.
Planområdet er satt til tenesteyting i gjeldande kommuneplan for Radøy kommune 2011-2023.
Planområdet grenser mot landbruk-, natur- og friluftsområde på land, og mot Stølevika og Sjenholmen og Langholmen i sjø.
Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for eit visningssenter kor vitjarar kan få eit realistisk og ekte bilete av korleis det vert drive oppdrett av fisk i Norge i dag. Visningssenteret er tenkt som eit undervisningstilbod for skuler, grupper og andre interesserte, i tillegg til å fungere som base for Skjærgårdsfisk AS. Reguleringsplanen inneheld òg køyreveg frå vegen Syltaneset og ned til det framtidige visningssenteret, samt kai.
Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknadar som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Radøy kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Radøy kommune saman med planframlegget.
Merknadsfrist:
Frist for merknadar er satt til 12. mars 2013.
Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Radøy kommune for sakshandsaming. Etter første gangs sakshandsaming blir planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming.