Publisert:

Områdeplan for Austmarka – Storheim

Områdeplan for Austmarka – Storheim, planID 12602011000200Områdeplan for Austmarka – Storheim vart i møte i hovudutval for plan, landbruk og teknisk 16.03.2016 godkjent for 1. gongs høyring og offentlege ettersyn. Ard arealplan har utarbeidd forslaget til områdeplan på vegne av fleire tiltakshavare, og vi er svært godt nøgde med at planen no vert lagt ut til offentleg ettersyn.

I planforslaget er nokre delområde detaljert utan krav til detaljreguleringsplan, slik det er stilt krav om til dei fleste delområda i planen. Ein legg opp til at det kan etablerast opp til 234 bustadeiningar innanfor planområda som er detaljerte i områdeplanen. Det er elles lagt til rette for næring, barnehage, småbåthamn, gang- og sykkelveg, kollektivterminal med pendlarparkering og utbetring av fylkesvegen.

Plandokument og vedtak ligg på kommunen si heimeside med lenkje til kommunen sitt planregister, og til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset. Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg til Radøy kommune innan merknadsfrist som er sett til 01.06.2016.

Tilsvarande

God sommar!

Sandra 15 år i Ard

Jubileum i Ard!

Gratulerer Sandra med ny milepæl! Ho er ein trygg og kunnskapsrik kollega, ein verdifull ressurs for både kundar og teamet…

Bilde av Liaparken, hus oppå hus

Liaparken i media

Då er vi tilbake på jobb! I løpet av sommaren har eit av Ard sine prosjekt vore i media. Liaparken…

Johannes og Øygarden kommune

Blir det byggjestans på Bjorøy i framtida?

Dette problemet har vi teke opp i Vestnytt 10. desember. For I Øygarden kommune ser vi at dei legg opp…