Publisert:

Stamnes sentrum

Førebels områdereguleringsplan for Stamnes sentrum27. aug. vart det halde bygdemøte på Stamnes skule i høve reguleringsarbeidet for Stamnes sentrum. Om lag 60 menneske stilte, og det kom mange gode innspel og kommentarar til dei førebelse planane.  Vi tar gjerne i mot fleire innspel og kommentarar no i etterkant, og har sett ein frist på éi veke for dette. Det vil seie at vi etter tysdag 3. september tar innspela med oss når vi skal jobbe vidare med justeringar i planane.

I menyen til høgre ligg plankart, illustrasjonsplan og presentasjonen av dei sju delområda slik dei vart presentert i møtet på Stamnes skule.

Innspel og spørsmål kan sendast til eller du kan nytte skjemaet under.

Vi ser fram til nyttige innspel og eit godt vidare samarbeid med alle partar i planarbeidet.

Tilsvarande

God sommar!

Sandra 15 år i Ard

Jubileum i Ard!

Gratulerer Sandra med ny milepæl! Ho er ein trygg og kunnskapsrik kollega, ein verdifull ressurs for både kundar og teamet…

Julekort 2025

God Jul frå Ard!

Her kjem ei lita helsing heilt på tampen av året fra oss i Ard arealplan. God jul og godt nyttår…

Bilde av Liaparken, hus oppå hus

Liaparken i media

Då er vi tilbake på jobb! I løpet av sommaren har eit av Ard sine prosjekt vore i media. Liaparken…