Publisert:

Skogsskjenet områdeplan

Områdereguleringsplan for Skogsskjenet vart vedtatt i Sund kommunestyre 18. oktober.Planen legg til rette for 374 nye bustader sentralt i Sund kommune. Planen er utforma uten krav til nye detaljreguleringsplanar. 207 av bustadane kan etablerast innanfor areala regulert som blokk i bygg på 3-4 etasjar. 167 av bustadane kan etablerast som rekkehus eller horisontaldelte einingar, eller som to-mannsbustader i areala regulert til konsentrert bustad.

Planarbeidet har lagt til grunn at det i kommunedelplan for Skogvåg er lagt opp til høg utnytting av området. Landskapstrekk og omsyn til naturen har vore vektlagt høgt i utforminga av planen, men òg god tilknytning og infrastruktur til sentrum i sør og nye utviklingsområde er vektlagt. Sentralt i området er det regulert turvegar og parkdrag, samt store grøne naturområde mellom bustadfelta.

Tilsvarande

Johannes og Øygarden kommune

Blir det byggjestans på Bjorøy i framtida?

Dette problemet har vi teke opp i Vestnytt 10. desember. For I Øygarden kommune ser vi at dei legg opp…

Jubileum i Ard!

Gratulerer Sandra med ny milepæl! Ho er ein trygg og kunnskapsrik kollega, ein verdifull ressurs for både kundar og teamet…

Ny dagleg leiar

Ard Arealplan har fått ny dagleg leiar, og vi ønskjer Johannes Sverdrup velkomen! Etter ei periode med innføring i selskapet…

God sommar!