Våre råd

Vi ønskjer du skal forstå meir av reguleringsplanprosessen. Her får du svaret på fleire ting du kan lure på. Men vi kan gi meir informasjon så ta gjerne kontakt!

Areal og eigedom

Nye strengare krav til klima, natur og syn på mogleg gjennomføring gjer at fleire prosjekt må dokumenterast grundigare før dei kan godkjennast.

LNF står for landbruk, natur og friluftsliv, og gjev særs avgrensa høve til utbygging. I mange tilfelle krev det planendring for å kunne byggje.

Det kjem an på kva arealføremål eigedomen har i kommuneplanen. Altså kva arealet er avsett til. Kommuneplanen avgjer om området er sett av til bustad, næring, landbruk eller anna bruk.

Reguleringsplan og planprosess

Det er kommuneplanen som styrer krav til reguleringsplan. Reguleringsplan er ein plan som er bindande for fremtidig arealbruk og utbygging innanfor eit nærare avgrensa område.Du treng reguleringsplan når prosjektet ikkje er i tråd med kommuneplanen, eller når kommunen krev nødvendige avklaringar før utbygging. Det gjeld tiltak som kan få vesentlege verknadar for miljø og samfunn.

Tidsbruk til ein reguleringsplan varierer, men dei fleste prosessar tek mellom 1–3 år. God førebuing kan spare både tid og kostnader. Tidsbruken kjem ofte av kva og kor mange problemstillingar som skal løysast.

Tidleg dialog gjev betre avklaringar, færre overraskingar og større sjanse for godkjenning.

Endringar i arealpolitikken

Byggjeforbod i strandsona har vore der sidan 1965. Hensikta er at strandsona ikkje skal byggjast ned, men vere tilgjengeleg for alle. Det er blitt høgare terskel for ny utbygging langs sjøen, og prosjekta må i større grad ta omsyn til landskap, natur og allmenn tilgang.

Ja. I nye kommuneplanar kan areal bli omdisponerte/avsett til reine naturområde (LNF), sjølv om dei tidlegare har vore ope for utbygging. Aktuelle areal som takast ut har då ikkje ei godkjent detaljreguleringsplan.

Kommunen krev betre dokumentasjon for å redusere risikoen i saksbehandlinga. Prosjekta må vere realistiske, gjennomførbare og godt grunngjevne. Utgifter til reguleringsplan og rekkefølgjekrav må òg kunne forsvarast ved realisering av prosjektet. Gjennomførbarheita skal dokumenterast i planmaterialet, slik at kommunen veit at dei brukar ressursane sine på prosjekt som faktisk kan gjennomførast.

Transformasjon handlar om å endre bruken av eit eksisterande område, til dømes frå næringsareal til bustader, eller frå ei eldre industritomt til eit bymessig område med blanda formål. Dette skjer utan at ein byggjer ned ny, urørt natur. I takt med strengare krav til naturinngrep og meir effektiv arealbruk, blir transformasjon stadig meir aktuelt som strategi for utvikling og fortetting.

Utbygging langt frå infrastruktur

Utan nærleik til etablerte tenester og kollektivtilbod blir det vanskelegare å argumentere for både bustad- og næringsutvikling. Det er ynskjeleg at det blir bygd der det allereie er ulike tenester.

I praksis kan det bli særs krevjande å få nye prosjekt godkjende utan sterke faglege argument og god planforankring.

Visualisering og forståing

Nei, men dei er eit viktig supplement som viser intensjonen bak planen og korleis området kan utviklast i praksis.

Visualisering gjer det enklare å forstå prosjekta for både kommune, politikarar og naboar, og reduserer risiko for misforståingar.

Nei, men dei er eit viktig supplement som viser intensjonen bak planen og korleis området kan utviklast i praksis.

Visualisering gjer det enklare å forstå prosjekta for både kommune, politikarar og naboar, og reduserer risiko for misforståingar.

Utbyggjarar og grunneigarar

Strengare krav betyr at berre gjennomarbeidde prosjekt kjem gjennom nålauget. Å utarbeide ei reguleringsplan kostar ein del, og kommunen skal ha gebyr for sitt arbeid. Då må utgifter kunne forsvarast.

Skaff oversikt over planstatus, rammer og risiko tidleg. Gode faglege vurderingar gir betre avgjerder. Sjekk realismen i prosjektet ditt med fagfolk med plankompetanse.

Meir om planprosess

Kort og greit om planprosess. Vi ønskjer å dele informasjon for å lettare forstå planprosess.

Førebuingar før planstart

Vite Meir - Planprosess

Korleis er ei vanleg planprosess?

Parkeringsplass sett ovenfra

Kven skal ha plass på parkeringsplassen?

Bil på vei sett ovenfra

Sårbare område kan skape utfordringar i planprosessen

Ein strand i Norge med svaberg i bakgrunnen og blått vann

Fem tips før du startar ein planprosess

Tekniske og gjennomføringsutfordringar

Gammel skjev trapp i Bergen

Snarvegar og gangvegar

To veisport med lysstriper

Støy!

Vinterlandskap, kaldt med sol

Sol, lys

Utsikt mot Fløybanen inngang Bergen

Tilkomst og infrastruktur er viktigare enn du trur

Arealstatus og tidleg vurdering

Område av en skog med hus sett ovenfra

Eigedomsgrensekvalitet

Eldre planar kan stoppe framdrifta di

Planprosess og vurderingar

Viser Bergen Stadsport

Kven bestemmer?

Sko som kjører fort gjennom en skogssti

Nokre raske plantips

Trange Bergensgater

Kortare veg til godkjenning? Det er mogleg.

Bergensentrum

Kommunikasjon og dialog

Metodar og dokumentasjon

Oker gult hus ved sjøen

Å dokumentere kulturminne

Gutt på tur ser utover landskapet

Barnetråkk som metode

Kontakt oss!

Vi vil gjerne høyre frå deg!
Du kan nå oss på telefon, e-post eller skjemaet under.