Gamal vinfabrikk skal bli 35 leilegheiter

Byrådet seier ja til planane om å byggje Høyegården på Gyldenpris om til 35 leilegheiter. Den tidlegare vinfabrikken, Høyes vinfabrikk, på over 100 år omtalast av kommunen sin planetat som «En skjult perle». Byrådet er fornøgde med planane, som dei meiner vil leggje til rette for vern gjennom bruk.

Høyegården har dei seinare åra vorte brukt til kontor, lager, dagsenter og bustad. I planforslaget leggjast det til rette for opprusting av Høyegården til bustadføremål. I tillegg skal det byggjast eit nytt leilegheitsbygg, tilpassa den eksisterande bygningsmassen. Viktige tema i planprosessen har vore volum, byggjehøgder, bumiljø og omsynet til Høyegården som kulturminne med omkringliggjande kulturmiljø.

Saken skal behandlast i utvalg for miljø og byutvikling 1. oktober.

Ard arealplan as har vore plankonsulent for prosjektet i samarbeid med En til En arkitekter.
Illustrasjon av En til En arkitekter.

Omtalt i BT: https://www.bt.no/nyheter/direkte/i/aweljA/politikken-direkte?pinnedEntry=153859

Skriv ut