Publisert:

Åsgard småbåthamn

Detaljreguleringsplan for Åsgard småbåthamn vart godkjent i kommunestyret i Lindås 21.06.18.

Planområdet ligg på Åsgard, rett ved fjorden Vågane, i Lindås kommune. Planen opnar for ein opprusting av området, som vil kome mange til gode. Ein har lagt opp til etablering av ein småbåthamn på Åsgard, noko som er i tråd med kommuneplan for Lindås. Det er opna for to flytebrygger med inntil 30 båtplassar, samt opprusting av lagerbygga på land og tilpassing av lagerbygga slik at dei kan nyttast til båtlagring. Kaifronten vil bli gjort betre tilrettelagt for bruken småbåthamn, med slippar og liknande. Elles vil ein leggja til rette for tre nye naust nord i planområdet, og ein eller to bustader sør i planområdet. Det er lagt til rette for eit friområde, som vil vere allmenn tilgjengeleg, som vil gi gode kvalitetar til nærområdet. Småbåtanlegget vil fjerne noko av presset det er på å byggje naust og mindre småbåtanlegg i området. For bustadane på Åsgard vil småbåthamna vere i gangavstand og såleis kunne redusere behovet for å bruka bil for å koma seg til båtplass.

Samla sett vil planområdet bli rusta opp og modernisert, og bebuarar i området vil få kvalitetar som friområde og småbåthamn. Planområdet har kvalitetar som gode solforhold, flott fjordutsikt og nærleik til natur.

Planen er utarbeida av Ard arealplan as på oppdrag frå Aasgard sameige.

 

Tags:

Tilsvarande

Bilde av Liaparken, hus oppå hus

Liaparken i media

Då er vi tilbake på jobb! I løpet av sommaren har eit av Ard sine prosjekt vore i media. Liaparken…

Jubileum i Ard!

Gratulerer Sandra med ny milepæl! Ho er ein trygg og kunnskapsrik kollega, ein verdifull ressurs for både kundar og teamet…

Vi har flyttet til Fenderen

Vi har flytta til Fenderen

Ard arealplan har flytta til Innovasjonsdistriktet i Bergen! Til eit miljø som gir oss nye lokale og sterke rammer for…

Johannes og Øygarden kommune

Blir det byggjestans på Bjorøy i framtida?

Dette problemet har vi teke opp i Vestnytt 10. desember. For I Øygarden kommune ser vi at dei legg opp…