- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Maimyra

Reguleringsplanen for Maimyra vart vedteken i Fjell Kommunestyret  12. desember 2019.

Planen er utarbeidd av Ard arealplan på vegne av B Telle Eigedom as.

Planområdet ligg ved Brattholmen, aust på øya Litlesotra i Fjell kommune. Planområdet ligg i eit allereie etablert bustadområde, like ved Brattholmen skule. Det er kort avstand til Brattholmen kai kor ein mellom anna finn daglegvareforretning. Det er om lag 2 km til Sartor senter og Straume bussterminal kor ein finn eit rikt service- og handelstilbod og bussforbindelsar til Bergen og resten av kommunen. I planframlegget er det lagt til rette for bustader i form av rekkehus og leilegheitsbygg, totalt 72 bueiningar. Det er vidare sett av store grøntareal til uteopphald og leik.