- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Heimtun

Detaljreguleringsplanen for Heimtun, gnr. 35, bnr. 534, 637 m. fl. vart vedteken i Fjell kommunestyre 21.02.2019.

Reguleringsplanen er utarbeidd av Ard arealplan as på vegne av tiltakshavar Remi Angeltveit, Gro Mehlum mfl.

Planområdet ligg på Straume som er regionsenteret i Fjell kommune. Her er det eit rikt utval av ulike handels- og servicetilbod. Området ligg berre et par hundre meter frå sentrum av Straume, med eit stort utval butikkar, og Straume bussterminal der ein har gode bussforbindingar til Bergen og resten av kommunen. Planområdet ligg i eit allereie etablert bustadområde med bustader av både eldre og nyare dato. Planframlegget tek utgangspunkt i eit areal på Straume som er regulert gjennom eksisterande reguleringsplan med hovudføremål spreidd bustad. I planframlegget har ein vald å leggje til rette for lågblokker med varierande storleik på bustadeiningane. Det er viktig å sikre variasjon i storleik for å få eit variert bustadfelt som kan vere attraktivt for mange. Det vert lagt til rette for rundt 60-70 bustadeiningar.