- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Eikhovden-Ostereidet

Reguleringsplanen for Eikhovden-Ostereidet vart vedteken i Lindås kommunestyre  9.mars 2017.

Planen er utarbeidd av Ard arealplan på vegne av NHB Bolig Vest AS.

Planframlegget legg opp til 28 nye hovudbustadeiningar og maksimalt 10 sekundæreinignar i eit område som ligg sentralt til på Ostereidet like ved både skule, barnehage og idrettsplass og om lag 500 meter frå Ostereidet, eit lokalsenter i Lindås kommune. Planområdet ligg i eit etablert bustadområde med i hovudsak einebustader. Planframlegget opnar for eine- og tomannsbustader og sikrar opparbeiding av fortau langs med Eidavegen og soleis trygg skuleveg for eksisterande og framtidige bustadområde i Dyrhovden og Eidavegen søraust for Ostereidet skule.