Kven er Ard arealplan?

Tilbake i 2008 vart Ard arealplan grunnlagt av Kari Johannesen og Geir Håland.  Dei ville spesialisere seg på planarbeid og ynskte å levere gode gjennomarbeidde reguleringsplanar. Oppdragsmengda auka, og firmaet fekk raskt fleire tilsette.  Mange ulike planar er utforma og godkjent dei siste åra rundt om i vestlandsregionen.

Vi vil halde fram å levere gjennomtenkte løysingar for våre kundar, noko som gjev verdiskaping med ferdig godkjent reguleringsplan.


Namnet, Ard, har vi henta frå jordbrukshistoria. I gamle dagar vart arden nytta til å pløye jorda, ein funksjon vi som arealplanleggarar kjenner oss att i.

 

Kva seier dei om Ard?

I vår felles streben etter å fokusere på rett sak til rett tid ser vi ofte at samspillet er godt, nøyaktig og effektivt uansett prosjektets kompleksitet.

Per Hammer
Forum Arkitekter AS

 

For meg er det viktig med god dialog og god tilgjengelighet, og dette får jeg virkelig hos Ard.

Stian Hviding
Sandland holding

 

Ard er faglig dyktig. Vi har alltid en god dialog, og vi setter stor pris på den fagkunnskapen Ard står for.

Paal Gøran Carlsen
Arkitektkontoret Børtveit og Carlsen

 

Reguleringsplanlegging

Ard arealplan as utarbeidar reguleringsplanar etter plan og bygningslova. Vi har eit fleirfagleg kompetansemiljø beståande av arealplanleggjarar, samfunnsplanleggjarar og landskapsarkitektar. Vår kompetanse og arbeidsområde ligg mellom grunneigar/utviklar og arkitekt.

Arealplanlegging vil i praksis seie å fastsetje kva dei ulike areala i eit område kan nyttast til. Om det skal vere areal til veg, bustad, leik og friluft, eller offentlege føremål som skule osb.
Samfunnsplanlegging vil vere at ein trekkjer inn ulike tema etter behov og søkjer heilskapsgrep for arealplanlegginga i kvart tilfelle. T.d. å sjå  på infrastruktur, alderssamansetjing, dagens busetjingsmønster osb. i den aktuelle kommunen alt etter kva problemstillingar som er relevante i kvart tilfelle.
Hensikta med desse handlingane er å kunne gje politikarane det beste grunnlaget for å kunne ta gode avgjersler.

Profesjonell gjennomføring av ei ein reguleringsplan krev mykje kunnskap og lang erfaring. Kunnskap har vi fått gjennom eit stort mangfald av oppdrag, med dyktige medarbeidarar og samarbeidspartnarar med lang erfaring. Vi gjennomfører oppdrag både for privat og offentleg sektor. Gjennom eigen arbeidserfaring kjenner vi godt til offentleg sektor med sine krav til open planprosess, til det å ta ansvar for heilskaplege løysingar og til nødvendig samarbeid mellom partane. Vår kunnskap og erfaring gjer at vi saman med alle involverte partar i eit prosjekt har eit godt og solid utgangspunkt for å løyse problemstillingar på ein god og riktig måte.

Hos Ard arealplan as arbeider tilsette med ulik fagleg bakgrunn.  Eit tverrfagleg kompetansemiljø er vår styrke. Vi ser på prosjektet og set saman eit høveleg team som så jobbar fram ein reguleringsplan. Resultatet er gode planar, tilpassa den aktuelle staden. Du som kunde får ta del i vår breie kompetanse og får høve til å vere med i planprosessen i den grad du sjølv ynskjer.

Vi har som mål å vere eit leiande fagmiljø innanfor arealplanlegging. Er det trong for det avtalar vi å trekke inn anna fagkompetanse som t.d. arkitekt. Vi kombinerer tekniske, sosiale, økologiske og økonomiske omsyn frå start til slutt. I det siste året har vi òg bygd opp god kompetanse innanfor kultur – og landskapsanalyse.

Vi tek ansvar for alle fasar frå utgreiing til ferdig godkjent plan.

Visualisering

Vi kan illustrere frå plan til ferdig produkt (arkitektskisser). På denne måten kan ein få eit meir realistisk inntrykk av korleis eit ferdig prosjekt vil sjå ut enn det som kjem fram av plankart.

ill

Rådgjeving

Har ein trong for informasjon om potensiale for eit areal/område kan vi vere med å finne ut av dette. Her er det den aktuelle kommuneplan som legg føringar for kva som er mogleg i dag. Vi kan òg gje råd om framgangsmåten for mogleg endring av kommuneplanar.