Publisert:

Vedtatt reguleringsplan for Austre Strenghaugen

Austre Strenghaugen gnr. 10, bnr. 224 m.fl. – Møvika, Fjell kommune

Kommunestyret i Fjell vedtok 18. juni 2015 detaljreguleringsplan for Austre Strenghaugen. Ard arealplan har utarbeidd reguleringsplanen for Faktum Investering AS, og føremålet har vore å auke utnyttinga i området i høve til tidlegare plan, og å endre barnehageføremål til bustadføremål.

Reguleringsplanen legg til rette for oppføring av inntil 65 bustadeiningar, med tilhøyrande køyreveg, fortau, gangvegar, parkering, leikeplassar, uteopphaldsareal og grøntområde. Bustadane fordelar seg mellom einebustader, rekkehus og bustadblokk med 18 leiligheiter.

I framlegg til politisk handsaming står det mellom anna at:

Rådmannen meiner detaljreguleringa for Austre Strenghaugen legg opp til ei berekraftig utvikling som gjev effektiv ressursutnytting, god trafikktryggleik og eit godt bustadmiljø. Planframlegget har vore igjennom ein grundig, men effektiv prosess og rådmannen meiner det har blitt ein plan med gode kvalitetar. Det har vore eit godt samarbeid mellom tiltakshavar, plankonsulent og kommunen.

Tilsvarande

God Jul frå Ard!

Her kjem ei lita helsing heilt på tampen av året fra oss i Ard arealplan. God jul og godt nyttår…

Jubileum i Ard!

Gratulerer Sandra med ny milepæl! Ho er ein trygg og kunnskapsrik kollega, ein verdifull ressurs for både kundar og teamet…

Johannes og Øygarden kommune

Blir det byggjestans på Bjorøy i framtida?

Dette problemet har vi teke opp i Vestnytt 10. desember. For I Øygarden kommune ser vi at dei legg opp…

Bilde av Liaparken, hus oppå hus

Liaparken i media

Då er vi tilbake på jobb! I løpet av sommaren har eit av Ard sine prosjekt vore i media. Liaparken…