Valderhaugane B6

Detaljreguleringa for Valderhaugane B6, gnr. 24, bnr. 106 m. fl. – Ågotnes vart vedteken i Fjell kommunestyre 21.03.2019.

Planforslaget er utarbeidd for HBE Eiendom AS og Boligbygging Sotra AS.

Planområdet er omlag 100 daa og ligg på Ågotnes, sør for Valderhaug. Planen legg til rette for oppføring av barnehage og-, 177 bustadeiningar i einebustader, tomannsbustader, rekkjehus og lågblokker med tilhøyrande infrastruktur som t.d. leikeplassar, grøntareal og gangvegar.

Koplingar mot Ågotnes samt eksisterande og planlagde bustadområder i nord, utmark i sør i tillegg til interne koplingar og tun har vore sentrale premisser for utarbeidinga av reguleringsplanen.

Skriv ut