Tibben

Detaljreguleringsplan for Tibben vart vedteken i Fjell kommunestyre 22. november 2018

Reguleringsplanen er utarbeidd av Ard arealplan i samarbeid med Tippetue Arkitekter. Vacuri AS er forslagsstillar for planen.

Planforslaget legg til rette for at det kan byggjast bustader på Tibben, som ligg på Trengereid på Sotra, i kort avstand til Skogsvåg lokalsenter. Alle bustadane ligg vestvendt og vil ha svært gode sol- og utsiktsforhold. Planen opnar for etablering av 16 rekkehus, samt ein einebustad. Det skal byggjast veg og fortau fram til bustadane, og vidare skal det byggast gatetun langs med bustadane. Det vil bli lagt til rette for leikeareal og uteopphaldsareal på solfylte areal, og bustadane vil grensa til store urørte naturområde, samt ligga nært til sjø.

Skriv ut