Store planarbeid på høyring

Ard arealplan har no fleire store reguleringsplanar for nye bustader på høyring i Bergen og Fjell kommune.

I Bergen ligg tre reguleringsplanar på høyring: 

  • Alvøen/Ellingshaugen. På Alvøen har vi regulert fire tomter for einebustader der planen vektlegg omsyn til kultur- og bygningsmiljøet i Alvøen høgt. Arkitekt Sven Gundersen har illustrert bustader til planen.
  • Brennhaugen Vest. I Storetveitvegen mellom Paradis og Fantoft har vi regulert tre nye bustadblokker med 32 leiligheiter. Planen legg opp til høge arkitektoniske kvalitetar. En til en arktiekter as har teikna blokkene i planen.
  • Liavegen. Dette prosjektet i Åsane legg opp til 127 nye bustadar som på ein heilt ny måte kombinerar småhusbebyggelse og blokk på ein spanande måte. Mad arkitekter as har teikna bustadane.

 

Les meir om planane på https://www.bergen.kommune.no/aktuelt/kunngjoringer

 

I Fjell kommune skal tre planar handsamast i Komité for plan og utvikling 7. februar:

  • Valderhaugane B6. Denne planen ligg sentralt på Ågotnes og regulerer eit heilt nytt område til 178 nye bustader og ny barnehage i forlengelse av eksisterande bustadfelt. Planen har vektlagt omsyn til landskapet høgt.
  • Heimtun. Planen legg opp til tre nye bustadblokker i kystbyen på Straume med tilsaman 73 nye bustader. Kvalitetar i bumiljøet med bilfritt tun og gangvegar er vektlagt høgt her.
  • Snekkevikneset. Reguleringsplanen endrar 10 hytter til bustader i samsvar med kommuneplanen i Fjell. Planarbeidet har tatt store omsyn til strandsona.

 

Les meir om planane på https://www.fjell.kommune.no/aktuelt/plan-for-178-bustadeiningar-pa-agotnes/

Skriv ut