Vi har fått to nye på vårt kontor – Anja og Hanne.Anja
Anja Vik starta som arealplanleggar hos Ard arealplan as den 2. juni 2014. Anja kjem frå ei stilling som transportplanleggar i Stavanger kommune, kor ho har vore i 3 år. Der har ho hatt fokus på å planlegge for eit miljøvenleg, effektivt og trafikksikkert transportsystem, som kan gjere det enkelt for folk å gå, sykle og reise kollektivt. I alt planarbeid har òg heilskapleg byutvikling i Stavanger vore sentralt. Anja er utdanna som bygningsingeniør, med fordjuping innan byutvikling og urban design.
Hanne
Hanne Kathrin Vie starta som student med praksisplass hos Ard arealplan sommaren 2013. Våren 2014 vart ho ferdig utdanna by- og regionplanleggar frå Norges miljø- og biovitenskaplige universitet på Ås. I masteroppgåva fokuserte Hanne på fortetting og stedsidentitet i forstadsområde med eit casestudie av Indre Arna i Bergen kommune. Hanne er tilsett i vikariat som arealplanleggar hos oss frå 2.juli 2014.
Vi ser fram til eit fruktbart samarbeid med Anja og Hanne der dei får nytta kunnskapen sin i høve til arealplanlegging, med fokus på å finne gode løysingar for prosjekta dei skal jobbe med. Saman skal vi jobbe for å skape gode resultat for alle partar.