Ard arealplan har fått ny dagleg leiar

Ard arealplan har fått ny dagleg leiar.
Jan Espen Vik er tilsett som ny dagleg leiar i Ard arealplan. Han har vore hjå Ard dei siste tre åra, og tok over for Geir Håland frå 1. november i år. Geir Håland har samtidig kome attende til kontoret etter ein sjukdomsperiode. Han skal halde fram i firmaet i redusert stilling som seniorrådgjevar og planleggar. Vi er svært glade for at Geir igjen er på plass på kontoret. Kari Johannesen som har vore fungerande dagleg leiar det siste året, heldt fram som før med administrativt arbeid og som planleggar.

Ard arealplan vart starta for sju år sidan, og har halde fram med å utvikla sitt spesialfelt med reguleringsplanarbeid etter plan- og bygningslova.  Vi er no sju tilsette i Ard med ein samansett og fagleg sterk kompetanse, og mykje erfaring med planarbeid.

Jan Espen Vik er utdanna på universitetet i Ås, og har ein mastar i By- og regionplanlegging. Han har jobba i Oslo kommune som kollektivplanleggar, før han flytta attende til Bergen og starta hjå Ard som arealplanleggar.

Vi ser fram i mot ein spanande ny tid – og mange spanande prosjekt.

Tidlegare i haust bytta vi lokale, og vi ynsker gamle og nye kundar hjarteleg velkomne på besøk i Nygårdsgaten 114.

Skriv ut