Medarbeidarane i ArdNo som Geir Håland er attende på kontoret etter sjukdomsperioden han har vore igjennom, var det på tide med eit nytt bilete av medarbeidarane i Ard! Vi er no seks medarbeidarar på kontoret, og ei sjuande som har foreldrepermisjon. Vi har ein samansatt og fagleg sterk kompetanse, og mykje erfaring med planarbeid.
F.v.: Geir Håland, Sandra Aleksejeva, Jan Espen Vik, Kari Johannesen, Anja Vik og Hedvig Godvik Olsen
Geir Håland skal i første omgang vere på kontoret éin til to gonger i veka. Han skal halde fram i Ard som seniorrådgjevar, medan dei andre funksjonane vert følgt opp av dagleg leiar Jan Espen Vik. Jan Espen har vore hjå Ard dei siste tre åra, og har ein mastar i By- og regionplanlegging frå universitetet i Ås. Kari Johannesen som har vore fungerande dagleg leiar det siste året, heldt fram som før med administrativt arbeid og som planleggar.
Anja Vik er utdanna ingeniør, og har erfaring frå Stavanger kommune med planarbeid og vegplanlegging, Hedvig Godvik Olsen er landskapsarkitekt og har erfaring hjå Ard som planleggar, Sandra Aleksejeva er utdanna landskapsingeniør, og har fleire års erfaring med planlegging. Ann-Helen Nessen, som er nybakt mor og har foreldrepermisjon for tida, har ein master i Region og regionaliserin og har jobba i Ard i fleire år som planleggar.
Velkommen til oss i Nygårdsgaten 114.