2016 har vore eit travelt og spanande år for Ard arealplan. I 2016 har nesten 20 av våre reguleringsplanar vorte godkjente – alt i frå reguleringsendringar til nye reguleringsplanar som Skogsskjenet i Sund kommune med nesten 400 nye bustader. Vi har varsla oppstart av 27 nye reguleringsplanarbeid i 2016 – mellom anna eit spanande prosjekt på NRK-tomta på Mindemyren. Eitt av dei siste planarbeida vi varslar i år er Bakkane i kystbyen på Straume, og fleire nye varslingar kjem like over nyttår. Vi har òg knytt til oss to nye medarbeidarar det siste året, og vi vurderer å knytte fleire til oss i året som kjem. Som årets julekort fortel, gjekk studieturen til Island der vi vart tekne godt i mot av mellom anna EFLA og Reykjavik kommune som viste oss bustadprosjekt i Reykjavik.
Vi ynskjer alle våre kundar, samarbeidspartnarar og andre kontaktar ei riktig god jul, og eit godt og innhaldsrikt nytt år!
Med beste helsing alle oss i Ard.