Gåsakilen

Detaljreguleringsplan for Gåsakilen felt BKS1 og BKS2 vart vedteken i kommunestyret i Os kommune den 18.06.2019.

Planen er utarbeida av Ard arealplan as i samarbeid med HLM arkitektur AS på oppdrag frå Labrador eigedom AS.

Planområdet ligg like sør for Søfteland i Os kommune. Området er attraktiv med gode solforhold, nærleik til servicefunksjonar, friluftsområde og med god kollektivbetening. På Søfteland finn ein daglegvarehandel, skule og barnehage.

Planen legg til rette for ei utbygging av 75 bueiningar fordelt på rekkehus og leilegheiter i blokkbusetnad samt eit grendahus. Leilegheitene ligg i hovudsak i austleg del av planområdet medan rekkehusa er løyst i vestleg del. Ein har lagt vekt på at busetnaden skal tilpasse seg landskapet. For rekkehusa vert parkering løyst på felles parkeringsplass samt i parkeringskjellar. Tilkomst til bustadene vert via eit gatetun, utforminga og bruk av dekke er grep for å sikre lav køyrehastigheit. Ein legg til rette for at opphald innanfor gatetunet skjer på dei myke trafikantar sine premiss.

Skriv ut