Galteråsen næringsområde med arealplan ID 46312021002 vart vedteken av Alver kommunestyre 22.06.2023.
Planframlegget legg til rette for etablering av nytt næringsområde i Galteråsen. Området ligg mellom to utbygde næringsområde, og vil såleis bidra til meir næringsaeral i nærleik av eksisterande næringsområde i Alver kommune. Planområdet er i dag ubygd, og det går ein tursti gjennom området.
I overordna plan er området avsett til næring og LNF-areal. Den tiltenkte næringsfunksjonen reguleringsplanen legg opp til, er i hovudsak lagerverksemd og annan plasskrevjande næring. Det regulerast opp til seks næringsareal som kan delast i tomter ved detaljprosjektering.
Problemstillingar i planarbeidet har vore tilrettelegging av turveg i planområdet, redusering av CO2 utslepp, fjernverknad frå kringliggjande LNF område og trafikkløysingar som hindrar gjennomkøyring av tung trafikk.