Publisert:

Dalekletten

Detaljreguleringsplan for Dalekletten vart vedteken i Øygarden kommunestyre 22. mai 2019

Reguleringsplanen er utarbeidd av Ard arealplan. Tore Garlid er forslagsstillar for planen.

Planframlegget legg til rette for 110 nye bustader fordelt på einebustader, rekkehus og lågblokker. Rekkehusa og einebustadene er løyst i nordleg del av planområdet der mesteparten av dei eksisterande bustadene ligg. Den meir konsentrerte bustaden med lågblokker er løyst i sørleg del av planområdet der området i hovudsak er urørd. I den sørlege delen opnar ein og for tenesteyting. Planframlegget legg såleis til rette for eit samansett og variert bustadområde saman med eksisterande bustadar.

Planarbeidet legg og opp til betydelege trafikktryggingsgrep. Nytt venstresvingfelt som avkøyrsle til FV 225 vil gje eit vesentleg tryggare kryss. Vidare vil ein ny snuplass/busshaldeplass erstatte dei eksisterande busshaldeplassane som ligg i 80-sona langs Toftøyvegen. Dette vil gje ei tryggare løysing for avvikling av kollektivtrafikken i området. I dag vert gang- og sykkelvegen nytta som tilkomstveg til dei eksisterande bustadane i planområdet. Planarbeidet legg opp til å etablere ny tilkomstveg til området, samstundes som køyring på gang- og sykkelvegen etappevis vil verte avvikla. Dette vil vere eit positivt tiltak for heile området og gje tryggare tilhøve for mjuke trafikkantar og born som skal til og frå Toftøy skule.

Tilsvarande

Ny dagleg leiar

Ard Arealplan har fått ny dagleg leiar, og vi ønskjer Johannes Sverdrup velkomen! Etter ei periode med innføring i selskapet…

Bilde av Liaparken, hus oppå hus

Liaparken i media

Då er vi tilbake på jobb! I løpet av sommaren har eit av Ard sine prosjekt vore i media. Liaparken…

God sommar!

Ard på besøk i nye lokaler

Ard arealplan flyttar til innovasjonsdistriktet i Bergen

Frå mai 2026 flyttar Ard arealplan inn i nye lokale i innovasjonsdistriktet i Bergen. Det markerer ikkje berre ei ny…