Vi har flytta til Nygårdsgaten 114
Denne veka flytta vi frå våre fine lokale på loftet i Domkirkegaten 3 til sjuande etasje i nye lokale i Nygårdgaten 114. Nygårdsgaten 114 er høgblokka som ligg mellom bybanestoppa Florida og Nygård, like ved dei nyleg fråflytte lokala til Høgskolen i Bergen. Våre nye lokalar er større og universelt utforma med heis heilt fram, og generelt meir moderne enn dei vi legg bak oss i Domkirkegaten. I høgblokka har vi no fått stort møterom, nytt kjøkken, eige stillerom og eit romsleg og lyst kontorlandskap med panoramautsikt over Nygårdstangen og Store Lungegårdsvannet.
Vi er no åtte medarbeidarar i Ard arealplan. Vår kompetanse er spissa på reguleringsplanar, og vi har brei erfaring frå fleire vestlandskommunar – særleg Bergen og omegnskommunane. Våre medarbeidarar er utdanna by- og regionplanleggarar, landskapsarkitektar, samfunnsvitarar og ingeniørar. Vår samansetning og samla erfaring frå planprosessar som både konsulentar og i offentlege etatar, gir oss brei kompetanse til arbeidet vi gjer. Vi tar gjerne i mot nye oppdrag – både store og små prosjekt.
Vi ynskjer alle våre samarbeidspartnarar, gamle og nye kundar velkommen til Nygårdsgaten 114.