Ådnevikvarden

Detaljreguleringsplan for Ådnevikvarden vart vedteken i Øygarden kommunestyre 19. juni 2019.

Reguleringsplanen er utarbeidd av Ard arealplan på vegne av tiltakshavar Vacuri AS.

Planområdet er på 32,4 daa og ligg på Alvøyna ved Tjeldstø, nord i Øygarden kommune. Planområdet består av ein ubygt høgde med fjell og spreidd vegetasjon, i tillegg til nokre myrområde. Området ligg nært knytt til Tjeldstø og servicetilbod ein finn der. Planforslaget legg til rette for etablering av 19 bueiningar beståande av einebustader og rekkehus. Det er lagt vekt på tilpassing til landskap, eksisterande busetnad, og store og gode felles ute- og leikeareal i planen, samt infrastruktur som skal ivareta trygge samanhengar.

Skriv ut