Publisert:

Frist er satt til:

1. januar 1970

Vesleheimen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at tidlegare varsla oppstart av detaljregulering for Vesleheimen, gnr. 137, bnr. 63 m. fl., Lindås kommune vert utvida.Oppstart av reguleringsplanarbeidet blei først varsla i avisa Strilen 16.05.13, samt i brev til offentlege instansar, naboar og grunneigarar. Etter krav frå kommunen vert no planområdet utvida for å tilpasse seg tilgrensande reguleringsplan for Kubbaleitet planid: 201215, samt for å få regulert inn krysset i vest.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Maja og Karina Isdal er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg sentralt ved Isdalstøbakken sørvest for fylkesveg 565, i eit område som er uregulert og delvis utbygd. Planområdet er på 9,8 daa og er vist på vedlagt kart. Planområdet er satt av til bustad i gjeldande kommunedelplan for Alversund – Knarvik 2007 – 2019 i Lindås kommune. Planområdet grenser mot bustader i alle retningar.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for om lag 18 bustadeiningar. Utvidinga vil ikkje ha noko å seie i forhold til det som vart varsla tidlegare. Utvidinga vert gjort for å ta med dei to eigedomane heilt i søraust som elles ville blitt liggjane uregulert mellom to planar. Grunna ein uoversiktleg trafikksituasjon i Isdalstøbakken i aust er krysset her også teke med slik at krysset her kan strammast opp og gjerast betre.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknadar som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Lindås kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Lindås kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknadar er satt til 11.05.2015.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Lindås kommune for sakshandsaming. Etter første gangs sakshandsaming vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Lambhusbegen

Frist:

16. januar 2023

Detaljregulering for Lambhusvegen, Skoge i Øygarden kommune.

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast oppstart av detaljregulering for Lambhusvegen, […]
Planavgrensning Nilsvikhaugane aust

Frist:

22. februar 2022

Nilsvikhaugane aust

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert […]
Plankart Eidsøyra

Frist:

7. januar 2022

Eidsøyra

Endring av gjeldande reguleringsplan for Eidsøyra etter forenkla prosess. Reguleringsplan Ein reguleringsplan består av arealplankart […]
Varselkart Molløesmauet

Frist:

29. april 2022

Molløesmauet

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles […]

Publisert