UTVIDELSE AV DETALJREGULERING FOR LYGREN INDRE – BEGRENSET VARSLING

Det vises til varsel om oppstart for reguleringsplanarbeid i januar 2022 for Lygren indre. Planarbeidet ble varsla i tråd med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8. Det vart varsla om brev til offentlege instansar og naboar, og på nettsida til ard arealplan AS, samt i Strilen den 11.01.2022. Merknadsfrist var 22.02.2022.

Planområdet utvidast no etter innspel frå Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland som kom ifm. varsel om oppstart. Det er ynskjeleg at ein tar med område F2 (sjå vedlegg «oversiktskart KPA») samt ekstra areal for ein eventuell utviding av fylkesvegen.

Forslagsstillar og konsulent
Bente Lygre er forslagsstillar.  Ard arealplan AS er konsulent for planarbeidet.

Planområdet
Planområdet ligg på Børøyna, like ved Brusundet, og er kopla på enden av Lygra heilt søraust. Området er i hovudsak ubygd. Det er i vest oppført to fritidsbustader.

I kommunedelplan for Lindåsosane, Lygra og Lurefjorden (2011-2023) er planområdet i hovudsak avsett til fritidsbustader. Delar av området i vest er avsett til LNFR-område.

Planen sitt føremål
Intensjonen med planforslaget er å leggje til rette for utbygging av fritidsbustader. Tilkomstveg vil vere frå fylkesvegen. I det vidare arbeidet skal det vurderast om ein skal opparbeide veg inn i området eller om ein skal etablere felles parkeringsplass og gangtilkomst fram til fritidsbustadene.

Føremål ved utviding av planområdet
Utviding av planområdet vil innlemme resterande areal som ligg som fritidsbustader i gjeldande kommunedelplan for Alver kommune (tidlegare Lindås kommune). Ein legg òg inn meir areal for ein eventuell framtidig utviding av fylkesvegen.

Merknader til varsel om utviding av planområdet
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande planprosessen. Meir informasjon kan lesast på nettsida www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan AS
c/o Spaces Media City, Lars Hilles gate 30
5008 Bergen

E-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Alver kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil bli sendt til Alver kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist
Frist for merknader er satt til 07.10.2022.

Videre saksgang
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan bli utarbeidd, og deretter sendt inn til Alver kommune for handsaming. Etter 1. gangshandsaming vert planen sendt på høyring og lagt ut på offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere høve til å komme med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut