VARSEL OM UTVIDING AV PLANOMRÅDE
I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla utviding av planområdet for detaljreguleringa for Trangesmoget aust, gnr. 27 bnr. 223 m. fl. – Ågotnes, i Øygarden kommune.
Oppstart av planarbeid vart først varsla i avisa Vestnytt 28.10.2019. Ved dette oppstartsvarselet kom det blant anna inn merknad frå Statens vegvesen om at krysset ut i fylkesveg 561 Skjergardsvegen måtte inkluderast i planområdet og oppgraderast då krysset i dag ikkje tilfredstillar normalkrava i handbok N100. Det vert difor no varsla ei utviding av planområdet der krysset ut i fylkesvegen vert innlemma i planområdet, samt eksisterande vegtrase frå det opprinnelege planområdet og opp til krysset.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
B Telle Eigedom as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg på Ågotnes, like på sørsida av Rv 561 Skjergardsvegen og er kopla til det eksisterande bustadområdet Maggevarden i nord og vest og til landsbruks-,natur- og friluftsområde i sør og aust. Planområdet er i dag ubygd og inneheld i hovudsak vegetasjon, men er opparbeidd med tilkomstvegar i samsvar med gjeldande plan, Maggevarden III – Trangesmoget planid 20030008. Planområdet er på ca. 58,2 daa og er i kommuneplanen avsett til bustader og er i gjeldande plan regulert til bustader, friluftsområde og leikeplass. Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing.
Planen sitt føremål:
Planområdet er del av reguleringsplanen for Maggevarden III – Trangesmoget planid 20030008. Planområdet er siste del av denne planen som endå ikkje er bygd ut. Ein ynskjer no å byggje ut området og det må difor lagast ein detaljreguleringsplan. Ein ynskjer i planframlegget å leggje til rette for bustader, både konsentrerte bustader som rekkehus og fleirmannsbustader, men også frittliggjande bustader som eine- og tomannsbustader. Det vil i tillegg bli sikra gode felles ute- og leikeområder.
Planområdet inkluderer no også krysset ut i fylkesveg 561 Skjergardsvegen slik at ein har moglegheit til å regulere krysset i samsvar med krava i handbok N100, etter krav frå Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune. Det er teke med godt med areal rundt krysset slik at ein er sikker på at ein har tilstrekkeleg med areal for å kunne utbetre krysset i samsvar med krava. Utvidinga omfattar også deler av private eigedomar. Det påpeikast at det ikkje vil bli lagt opp til tiltak innanfor privat eigedom utan att det føreligg avtale.
Merknader til varsel om utviding av planområdet:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
co/ Spaces Media City
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Øygarden kommune saman med planforslaget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 12.04.2021
Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.