Publisert:

Tjeldstø

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vart det varsla om at det skulle setjast i gong endring av planID 125920120003, reguleringsplan for Tjeldstø og at endringa omfatta gnr. 52, bnr. 142 m. fl., Øygarden kommune. Planarbeidet har no vist at det er naudsynt å utvide og endre plangrensa noko.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Vacuri AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet er på om lag 7,8 daa og ligg på Tjeldstø ved Alvøyvegen, mellom bensinstasjonen (Alvøyvegen 23) og butikken (Jensvardvegen 1-3) ved rundkøyringa. I gjeldande reguleringsplan for Tjeldstø er området regulert til forretning og kontor. Planområdet omfattar eigedomane gnr./bnr.: 52/142, 52/253 og del av 52/79, 52/136 og 52/218.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanarbeidet er å endre føremål i gjeldande plan frå forretning/kontor til bustader eller bustader/forretning. Førebelse vurderingar tyder på at planarbeidet vil sjå på tilrettelegging for om lag 30 bueiningar og/eller forretningslokale i eit bygg med 4 etasjar + parkeringsgarasje. Dette kan endre seg i planprosessen. Planarbeidet har sett på moglegheiter for felles avkjørsel med bensinstasjonen frå Alvøyvegen, men det er vurdert at tilkomst frå nord, via tilkomstveg til Nesmyra stadion, er ei betre løysing. Plangrensa vert difor utvida slik at det vert mogleg å leggje til rette for tilkomstveg frå nord.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår utvidinga og konsekvensar av denne kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 12. april 2016.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Tilsvarande

Skautakleiv

Varsel om oppstart av Skautakleiva- Klokkarvik

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av detaljregulering for Skautakleiva – Klokkarvik, Gbnr. 105/130, 105/289 mfl. – Sund Prestegard, […]

Forslag utvidet varselkart RAN seglbåthamn

RAN seglbåthamn

VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR  REGULERINGSPLAN RAN SEGLBÅTHAMN I medhald av plan og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det med dette varsla om detaljregulering for […]

Planavgrensing -Sande, Gulen

Detaljreguleringsplan for Indrevika Feriesenter, Sande i Gulen

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast det om oppstart av detaljregulering for Indrevika Feriesenter, gnr. 79, bnr. 3, 5, 19 og […]

Varselkart Børøy

Børøy

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid for Børøy […]


Publisert