- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Tjeldstø

VARSEL OM ENDRING ETTER FORENKLA PROSESS FOR PLANID 12592013001
ENDRING NR.1 FOR DETALJREGULERING FOR
TJELDSTØ BF6, GNR. 252, BNR. 11,79 OG 88 – TURØY

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om endring etter forenkla prosess for planid 12592013001, endring nr.1 for detaljregulering for Tjeldstø BF6, gnr. 252, bnr. 11,79 og 88 – Turøy.

Endringa omfattar berre endringar i plankartet og går ut på å fjerne eigedomsgrensa mellom dei to tomtane aust i BF01 slik at dette vert ei tomt istadenfor to. Del av eigedom 252/88 som tidlegare var innlemma i planområdet vert også teke ut. Då planen vart laga var ein ikkje klar over at delar av eigedom 252/88 kom innanfor planområdet.

Reguleringsplan og endring etter forenkla prosess
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Endring etter forenkla prosess fylgjer i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Ei endring kan gjerast etter forenkla prosess dersom endringa i liten grad vil påverke gjennomføring av planen for øvrig, ikkje gå utover hovudrammene i planen, og heller ikkje råke omsynet til viktige natur- og friluftsområder. Ved endring etter forenkla prosess skal saken leggjast fram for aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.

Tiltakshavar og konsulent
På vegne av tiltakshavar Vacuri as vil Ard arealplan as varsle endring etter forenkla prosess for  Planid 12592013001, endring nr.1 for detaljregulering for Tjeldstø BF6, gnr. 252, bnr. 11,79 og 88 – Turøy.

Merknadar til endringa
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen.

Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no [1]

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist
Frist for merknader er sett til 10.mars 2021.

Vidare saksgong
Etter at merknadsfristen har gått ut vert endringsforslaget sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkast av vedtaket.