- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Straume

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Straumsfjellet Sør, gnr. 41, brn. 578 m.fl. – Straume, Fjell kommune.

Utvida planområde med større planavgrensing

Det vart varsla planoppstart for eit mindre område i 2010. Planområdet skal no utvidast mot skogsområde (LNFR område) i vest og det vert difor sendt ut ny varsling med større planavgrensing.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
B. Telle Eigedom er tiltakshavar.
Ard arealplan AS er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg sentralt til ved Straumsvegen vest for Straume sentrum. Området er i dag ubygd og er regulert til bustader og skogsområde (LNFR område). Planområdet er på ca. 24,7 daa og er vist i vedlagt kart.

Planområdet grenser mot friluftsområde i  sør og vest og bustadområde i aust og nord

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for nye bustader av ulik karakter. Det vert også lagt til rette for uteopphaldsareal.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande prosessen. Innspel eller merknader som gjeld løysingar eller særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknadar er sett til 30.01.2014.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.