- Ard arealplan - https://www.ardarealplan.no -

Stekka

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal settast i gong detaljregulering for Stekka hyttefelt, gnr. 32, bnr. 176, m.fl. Jondal kommune. Planid: 1227-2013-001.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Solvang/Norheim Invest AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg om lag to kilometer sør for Jondal sentrum og har karakter av å vere utmark/blandingsskog. Arealet ligg vendt mot Hardangerfjorden og er på 9,9 daa. Dei geografiske avgrensingane til planarbeidet er synt på vedlagt kart. For å sikre ei god kryssløysing og siktsoner mot fylkesveg 107 har ein teke med noko areal utover gnr. 32, bnr. 176. Planområdet er satt til framtidig fritidsbusetnad (FB29) i gjeldande kommuneplan for Jondal kommune. Planområdet grenser mot Fylkesveg 107, LNF-område og område for fritidsbusetnad. Nær grensa mot sør er ligg det fem eksisterande fritidsbustadar.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for attraktive fritidsbustadar, regulere ein god og trafikksikker tilkomst til fylkesvegen og sikre at området kan byggast ut utan skjemmande fjernverknadar og terrenginngrep.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknadar som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Jondal kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Jondal kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknadar er satt til 31. mars 2013

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Jondal kommune for sakshandsaming. Etter første gangs sakshandsaming blir planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming.