Publisert:

Spilde

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om mindre endring i delar av reguleringsplan for Spilde, gnr. 41, bnr. 17 og gnr. 42, bnr. 3 og reguleringsplan for Eide-Spildepollen, fv 201, trafikksikring og vegutvidelse, i Sund kommune.Reguleringsplan og mindre endring av reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Mindre endring av reguleringsplan følg i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Mindre endringar er endringar som ikkje har nemneverdig betyding for nokon av dei råka partane eller interessene. Ved mindre endringar skal saken leggjast fram for dei aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.

Tiltakshavar og konsulent
Husbyggerens innkjøpskontor er tiltakshavar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområde
Området ligg på Sotra, i Sund kommune, i tilknyting til fylkesveg 201, og består i hovudsak av eigedom gnr. 42, bnr. 75 og gnr. 41, bnr. 17. Vest og sør for planområdet ligg bustadfelt, Pollen barneskule og veganlegg med kollektivhaldeplass. I aust ligg naustområdar langs Mjelkevika, samt to einebustadtomtar (gnr. 42, bnr. 8 og 18). I nord ligg eit spreidd bygd område. Planområde er regulert i gjeldande reguleringsplan for «gnr 41 bnr 17 og gnr 42 bnr 3, Spilde» (planid 1245 20070003, vedtatt 06.03.2007 og mindre endring vedtatt 24.08.2015). Denne planen blir vidare i brevet referert til som «Spilde-planen».

Formålet med den mindre endringa
Endringane må gjennomførast fordi fylkesveg 201 nyleg er blitt regulert i plan «Detaljplan for trafikksikring Eide – Spildepollen» (planid 1245_20130001). I denne planen er det regulert skråningsutslag, ein tilkomstveg og frisiktsone inn i området for Spilde-planen. Tiltaka har ført til at ein har fått redusert ein del bustadareal i Spilde-planen nærmast fylkesvegen, samt at ein har fått ein ny tilkomst til Spilde-planen. For å få ein beitre løysing i Spilde-planen etter desse nye tiltaka, gjerast det no nokre mindre endringar i Spilde-planen. Endringane er nærare skildra i varlingsbrevet i menyen til høgre.

Merknad
Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Sund kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Sund kommune saman med planforslaget.

Frist for merknader er satt til 12. august 2016.

Vidare saksgong
Dersom planen kan gjennomførast som ei mindre endring: Etter merknadsfristen vert forslaget til mindre endring sendt til Sund kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkas av vedtaket.

Dersom planen må takast som ei reguleringsendring: Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte sendt Sund kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

 

Tilsvarande

Varselkart Børøy

Børøy

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid for Børøy […]

Varselkart Molløesmauet

Molløesmauet

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Bergenhus, gnr. 166, Bnr. 734 m.fl. […]

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense for Stølsmarka, gnr. 137, bnr. 693, mfl. i Alver kommune […]

Planavgrensing_varslingskart Mosebakken

Jacob Kjødes veg/Mosebakken

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, gnr. 41, Bnr. 137,345, 366 […]